Osterøy slo tilbake

Kampen åpna famlande med lite finspel frå begge laga. Etter kvart tok Osterøy føringa i kampen, og det var ikkje ufortjent då Ørjan Bysheim sendte ostringane i leiiange med eit flott skudd frå ca 20 meter. Dette var det siste Bysheim gjorde før han måtte gå av bana med ein skade. Etter målet tar bortelaget over kommandoen.

Osterøy må gjera eit nytt byte, då Joachim Borge Solberg også må gå av bana med skade. Omlag 35 minutt ut i omgongen kjem utlikninga. Eit innlegg frå høgre vert heada i mål frå kort hald. Kampen jamnar seg no ut igjen og Osterøy kjem høgare i bana. Og minuttet før pause går ostringane opp i leiinga. Etter eit fantastisk førearbeid av Thomas Strøm Langeland, endar ballen hos Jørgen Vevle som set balleniskaldt i mål. Osterøy går til pause med 2-1.

I andre omgong ser me litt av det dei gul/grøne er god for. Dei festar grep om kampen ifrå første minutt. Torbjørn Hovden og Øyvind Øvsthus våknar verkeleg til live og Osterøy kombinerer fint i angrepsspelet. Bakover er dei aggressive og vinn ballen fort tilbake når NHH prøver å angripa. 10 minutt ut i omgongen kjem 3- 1 målet. Øyvind Øvsthus får ballen og tar saka i eigne hender. Han går forbi det som er av motstandarar og set ballen elegant til sida for keeper.

Etter målet fortset Osterøy finspelet, men dei klarar ikkje å setja den fjerde scoringa. Istadenfor tar NHH over initiativet i kampen og pressar Osterøy tilbake det siste kvarteret. Men både forsvar og keeper heldt stand og ryddar unna det som kjem. Jubelen var stor då sluttsignalet gjekk, og Osterøy kunne gå av bana med ein fortjent 3- 1 siger. Ein publikumsjury kåra Jørgen Vevle til dagens ostring. I tillegg gjorde Thomas Strøm Langeland ein ny god kamp. Torbjørn Hovden og Øyvind Øvsthus skal også ha skryt for sine gode 2.omgongar.

Me gler oss allereie til neste kamp, som er fyrstkomande laurdag mot Os 2. Kampen går på heimebane i Fugledalen og har kampstart kl. 15.30!!

Osterøy – NHH 3-1 (2-1)

Laget: Mathias Riple, Robert Dyvik, Anders Hatland, Eirik Øvsthus, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Joachim Borge Solberg (Andreas Kollvangsnes i 60.min), Øyvind Øvsthus, Ørjan Bysheim (Sander Midtun Solberg i 68.min), Thomas Strøm Langeland, Torbjørn Hovden (Stig Roar Bruvik i 5.min)
 
1-0: Ørjan Bysheim (19.min)
1-1: Eirik Tveit (35.min)
2-1: Jørgen Vevle (44.min)
3-1: Øyvind Øvsthus (55.min)
 
Gule/raude kort: ingen.