Osterøy tok andre stikk i Osterøy Cup

Biletet: Stian Aasheim sette inn den avgjerdande straffen mot VHFK…..

VHFK tok initiativet i kampen frå start og spelte seg fleire gonger gjennom på Osterøy si høgre side, men det vart Osterøy som tok leiinga etter om lag kvarteret. Keeper måtte gje retur på eit frispark og Stian Åsheim var påpasseleg frampå og skåra. VHFK utlikna berre minuttet etter ved Øyvind Tysse etter nok gjennomspel på Osterøy si høgre side.

VHFK hadde også etter dette eit greitt grep om kampen, men etter drøye halvspela omgang gjekk målskårar Tysse ut. Like etter fekk Osterøy frispark frå omlag 18 meter. Eit frispark Martin Hole Hanstved banka direkte i mål. Minuttar seinare går Osterøy opp i 3-1 etter at Stian Åsheim, noko heldig, skåra på eit frispark frå langt hald.

Etter dette gjekk lufta litt ut av VHFK og Osterøy kontrollerte resten av omgangen, utan at det vart vist noko storspel. 3-1 var ōg pauseresultatet.

Andre omgang var ikkje gamal då Martin Hole Hanstvedt fekk ein arm om halsen på ein corner. Dommar peikte på straffemerket, og Hanstvedt sette sjølv inn straffa til 4-1.

Etter halvspela omgong reduserte VHFK – også det på straffespark. Etter denne skåringa tok VHFK fullstendig over og dominerte banespelet. Osterøy hang ikkje med og byrje å spele mykje langt.

Ti minuttar før slutt spelar VHFK seg fint gjennom på sin høgrekant. Innlegget blir perfekt møtt på første stolpe. 4-3 og på tribunen sit heimepublikummet berre å ventar på at dommaren skal blåsa kampen.  Det gjer han ōg, men ikkje før VHFK fekk skåra utlikningsmålet. Denne gong på corner frå høgre. Kampen enda dermed 4-4 og måtte avgjerast på straffespark.

Mathias Riple reddar VHFK sin første straffe og gir med dette Osterøy initiativet. Resten av straffane går inn, og når Stian Åsheim bankar inn Osterøy sin siste straffe var sigeren i boks for heimelaget.

….og vart gratulert av lagkameratane.