Programsigrar i Osterøy Cup

Osterøy og Hausvik møttes først til dyst i Fugledalen. Hausvik skåra på begge sine straffar ved Martin Åsheim og Jostein Mjelde.  Osterøy reduserte og utlikna ved Stig Roar Bruvik og Torbjørn Hovden, noko som gav 2-2 i pauseresultat.

I 2 omgong kom Thomas Strøm Langeland og Martin Hole Hanstvedt inn for Osterøy og begge noterte seg for skåringar i løpet av omgongen. Sluttresultat vart 5-2.

Bildet: Sander Midtun Solberg vart nytta på kant, back og sentral midtbane mot Hausvik.
Den unge, lovande «poteta» noterte seg mellom anna for ein målgjevande pasning.

Fotlandsvåg skåra ōg på si straffe og leda dermed 1-0 då kampen mot VHFK starta. Då dommaren bles i fløyta for full tid hadde VHFK skåra fire gonger.

Dermed er det duka for bronsefinale mellom Hausvik og Fotlandsvåg kl 13.00 laurdag, medan dei to 4. divisjonslaga Osterøy og VHFK møtes i finalen kl 15.00

Det vert bankett på Osterøykroa laurdag kveld. Klokka 18 vises kampen mellom Brann og Molde på storskjerm i første høgda.  Her vert det ōg pizzabuffet. Frå klokka 2130 er det levande musikk i andre høgda.