Siger i generalprøven for damene

Osterøy, som etter rapportane kom litt treigt i gang, var det førande laget frå start til slutt – noko resultatet ōg indikerer. – Men det burde vore meir, seier Siri Beate Nordpoll Hella til osteroyil.no. – Det tok litt tid før me fekk farten opp, men me er likevel nøgd med resultatet.

Det stod 3-0 til pause. Alle måla i første omgang vart sett inn av fjorårets toppskårar Malin Teigland.

Etter pause festa Osterøy grepet ytterlegare. Mål av Malin Teigland, Line Loftås Kåstad, Kaja Hammersland Herfindal og Cassandra Preshus fastslo sluttresultatet til 7-0.

Dette var damelaget sin siste treningskamp før alvoret startar om knappe to veker. 14. april ventar Flaktveit, borte, medan Stord kjem på vitjing 20. april på Hatland.

Aktivitetar

Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt