Trongt om plassen på førsteellevaren!

Namn: Kristian Tysse
Alder: 17 år
Posisjon: offensiv midtbane, kant
Kjem frå: Fotlandsvåg IL
Kristian er den yngste av årets nykommarar – og den første nysigneringa før 2013 sesongen. Han har gode ferdigheter med ball og han har ein meget god venstrefot. Offensiv midtbane er nok favorittposisjonen, men han kan også kle ein kantrolle. – Kristian er først og fremst ei signering for framtida, men me vonar at han har ei så positiv utvikling at han kan få mange positive opplevingar allereie i år, seier trenar Frode Vevle

Namn: Martin Hole Hanstvedt
Alder: 26 år
Posisjon: Spiss, offensiv midtbane, kantspelar
Kjem frå: Varegg
Martin, som vart nysignering nummer to, vert ein solid tilvekst til årets Osterøylag. Han har god fart, god fysikk og han har gode ferdigheter med ball. Han kan kle alle dei fire offensive posisjonane i den formasjonen Osterøy brukar.  – Me forventar mange mål og mange målgivande av Martin i år. I tillegg forventar me at Martin, med sin rutine og erfaring, tar eit leiaransvar ute på bana, seier trenar Frode Vevle.

Namn: Stig Roar Bruvik
Alder: 28 år
Posisjon: Spiss, kantspelar.
Kjem frå: Hausvik.
Stig Roar er ein spennande nykommar i årets lag. Han har bra fart og er ein god duellspelar. Han kjem til å vera eit godt alternativ til ein spissplass, men i treningskampane har han og vorte brukt på høgrekanten. – Stig Roar er ein nyttig tilvekst. Med han i troppen får me ein spisstype me ikkje hadde ifrå før. Han er ein giftig spelar inne i boksen, slår trenarduoen fast.

Namn: Torbjørn Hovden
Alder: 21 år
Posisjon: Kantspelar, offensiv midtbane.
Kjem frå: Arna-Bjørnar.
Torbjørn er den nyaste av årets nysigneringar. Han vert ein solid forsterkning til årets a- stall. Han har gode ferdigheter med ball, han har ein veldig presis for og han er god ein mot ein. Han kan spela på begge kantane og i den offansive midtbanerollen.  – Me vonar at Torbjørn skal bidra med mange målgivande og forhåpentligvis ein del mål i løpet av sesongen. Han kan også bli ein viktig mann på offansive dødballar, sier trenarane.
– Tempoet på treningane er veldig bra. Det er ikkje stor forskell på treningane her og i A-B, seier Torbjørn sjølv etter signaturen hadde tørka på overgangspapira..
I tilegg til desse fire nysigneringane så har alle nøkkelspelarane frå ifjor bestemt seg for å fortsetja. Andreas Kollvangsnes, Ørjan Bysheim, Kim Solberg og ikkje minst fjorårets toppscorar Bjarte Vik Larsen er fortsatt å finna i Osterøydrakta. Det er og verdt å nevna at Thomas Strøm Langeland er iferd med å rista av seg sine skadeproblem. – Om Thomas held det nivået han har hatt i treningskampane er det som å få ENDÅ ein ny spelar, humrar trenar Frode Vevle.
Det er ingen tvil om at troppen er så sterk i år, at det vert knallhard kamp om plassane i førsteellevaren. Det går mot ein spanande sesong.