Tukta Bergen-Nord: Osterøy er komen godt igong med treningskampane

Osterøy tok tak i kampen frå start og var det klart beste laget i første omgong. Men til tross for eit klart overtak klarte dei ikkje å setja ballen i mål. Både Martin Hole Hanstvedt og Thomas Strøm Langeland misbrukte store sjansar i denne perioden. Først etter halvtimen klarte dei gulgrøne å få ballen imål. Først skyt Jørgen Vevle eit vanvittig skudd i tverrliggaren og inn, men dommaren fekk ikkje med seg at ballen var inne. Osterøy fortsatte angrepet og til slutt banka Bjarte Vik Larsen ballen imål. Fem minutt seinare står det 2-0. Jørgen Vevle slår eit perfekt frispark på hovudet til Thomas Strøm Langeland som header ballen imål. 2-0 vert også pauseresultatet etter ein godt gjennomført omgong av Osterøy.

I andre omgong skjer det som har skjedd dei to førre kampane og. Osterøy står og søv, og Bergen Nord scorar to raske mål. Men no skjer det fort. Osterøy går rett i angrep, og Thomas Strøm Langeland drar seg fri og bankar ballen imål. Osterøy ledar 3-2! Men ikkje lenge etter er det kortslutning i Osterøyforsvaret og Bergen-Nord utliknar til 3-3. Ikkje mange minuttane seinare fortset Thomas Strøm Langeland sitt scoringsshow. Nok ein gong drar han seg fri inn i 16-meteren og legg ballen elegant i lengste hjørne for keeper. Like etter er Langeland frampå igjen. Bjarte Vik Larsen slår ein glimrande pasning og Thomas spring igjennom, rundar keeper og set ballen i tomt mål. Fem minutt seinare fullfører Strøm Langeland sitt scoringsshow. Daniel Bruvik slår inn frå venstre og Thomas Strøm Langeland header ballen imål til 6-3. Thomas Strøm Langeland scorar sitt femte mål for dagen før han vert tatt av bana. Like før slutt reduserer Bergen Nord til 6-4, noko som også vert sluttresultatet.

Trenarduoen var godt nøgd med gjennomføringa av første omgong. Då var Osterøy gode offensivt og solide bakover. 2.omgang vert roteta og det vert ofte store strekk i laget. Thomas Strøm Langeland var ein soleklar dagens ostring. I tillegg spelte Øyvind Øvsthus ein god kamp i sin favorittposisjon som midtstoppar.

Osterøy sitt lag: Erlend Lone, Sander M. Solberg (Martin Dyvik i 25.min), Anders Hatland, Øyvind Øvsthus, Robert Dyvik (Hans Petter Vevletveit i 15.min), Jørgen Vevle, Bjarte Vik Larsen, Stig Roar Bruvik (Kristian Tysse i 45.min), Martin Hole Hanstvedt, Ørjan Bysheim (Daniel Bruvik i 30.min), Thomas Strøm Langeland (Andreas Kollvangsnes i 20.min)

KAMPFAKTA:

1-0: Bjarte Vik Larsen, 27.min

2-0: Thomas Strøm Langeland, 32.min

2-1: 47.min

2-2: 49.min

3-2: Thomas Strøm Langeland, 50.min

3-3: 60.min

4-3: Thomas Strøm Langeland, 64.min

5-3: Thomas Strøm Langeland, 66.min

6-3: Thomas Strøm Langeland, 70.min

6-4: 88.min