Opprykket stadig nærare

Lørdagens kamp mot Norheimsund enda til slutt med ein klar 4-0 siger til gultrøyene og dermed er opprykk til 4. divisjon berre eitt fattig poeng vekke. Avgjerda kan allereie koma fredag, borte mot Hetlevik.

Første omgang vart ein tålmodighetsprøve. Osterøy hadde ballen nesten heile tida, men klarte ikkje å bryta ned forsvaret til Norheimsund. Nokre sjansar spelte dei seg fram til, men dei klarte ikkje omsetja dei i teljande resultat. Først i omgongens siste minutt kunne heimepublikum jubla for mål. Thomas Strøm Langeland vart spelt gjennom. Han vert tatt i det han skal avslutta, og dommaren dømmer straffespark. Den set Jørgen Vevle sikkert imål, og Osterøy går til pause med 1-0 leiing.

I andre omgang skrur Osterøy opp tempoet og styrer kampen endå meir. Ca 10. minutt ut i omgangen går Jørgen Vevle igjennom på eigehand og set inn 2-0. Etter dette set Bjarte Vik Larsen inn sitt 35 mål for sesongen, før Thomas Strøm Langeland set punktum med sin 4-0 scoring.

Det var ingen publikumsjury denne gongen, men underteikna trakkar ikkje mange på tærne om han gjer prisen til Jørgen Vevle. I tillegg er Anders Hatland meget solid i midtforsvaret.

I og med at Fana 2 slo Flaktveit i søndagens kamp, treng Osterøy i praksis berre 1 poeng på dei tre siste kampane for å sikra opprykket. Første mulighet til å sikra opprykket er førstkomande fredag, borte mot Hetlevik.

Me vonar ostringane mobiliserer og stiller opp og støtter laget i denne kampen. Det vil prøva å få satt opp buss for alle som vil vera med. Me kjem isåfall tilbake med info om dette på Facebook og på nettsidene våre.
 

Osterøy – Norheimsund 4-0 (1-0)

1-0: Jørgen Vevle (45.min)
2-0: Jørgen Vevle  (55.min)
3-0: Bjarte Vik Larsen (62.min)
4-0: Thomas Strøm Langeland  (68.min)


Laget: Mathias Riple, Sander Midtun Solberg (Aleksander Solberg i 15.min), Anders Hatland, Joachim B. Solberg, Robert Dyvik, Jørgen Vevle, Kim Solberg, Bjarte Vik Larsen, Ørjan Bysheim (Stian Svaasand i 30 min) Thomas Strøm Langeland (Rikard Mjøs i 20.min), Stian Aasheim.
 

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar