Siger for Jenter 11

Torsdag 20. september spelte Jenter 11 kamp mot Vaksdal i Fugladalen. I vår spelte jentene uavgjort mot dette laget.

I starten av første omgong spelte Vaksdal bra og pressa oss litt, men gradvis tok Osterøyjentene meir og meir tak i kampen og skapte mange flotte sjansar.

Til pause kunne trenaren slappa litt av, då me hadde ei 2-0 leiing.

I andre omgong dominerte heimelaget fullstendig og spelte ein veldig god omgong. Synne, som debuterte i Osterøydrakt denne kampen, laga sitt første Osterøymål.

Ein fornøgd trenar kunne gje jentene mykje ros, då sluttresultatet vart 4-0.

Dei som var med og gjorde denne regntunge torsdagskvelden litt lysare for oss som stod på sidelinja var; Andrea, Frida, Sofie, Victoria, Julie, Synne, Martine, Margarita og Nora.