Siger sjølv på krabbegir

Lørdagens kamp mot Harding vart utsatt ein time pga at dommaren kom for seint. Når kampen først kom igang såg det ut som om begge lag berre venta på at kampen skulle vera over.

Første halvtimen er det lite å skriva om. Einaste som skjer som er verdt å melde heim om er at  Thomas Strøm Langeland vart snytt for eit klart straffespark. I løpet av dei 10 neste minuttane vert kampen avgjort. Tre mål av Bjarte Vik Larsen og eitt av jubilanten Kim Solberg, som spelte sin kamp nr. 300 i gult og grønt, gjorde at Osterøy gjekk til pause med  komfortabel 4-0 leiing.

Andre omgang startar med ein stygg kollisjon mellom Bjarte Vik Larsen og vertane sin keeper. Begge må av bana, og hat-trick helten Bjarte må sy fem sting i hovudet. Målskytten, som til no har netta 30 gonger denne sesongen, har 41 fulltreffarar som mål må dermed gi seg for dagen. Til stor irritasjon for han sjølv. 45 minuttar tapt i jakta på fleire skåringar.

Tempoet i andre omgangen er elles labert, og det skjer lite. Omlag 10 minutt ut i omgangen reduserer Harding. Osterøy svarar med å gå rett i angrep og aukar til 5-1 ved Stian Svaasand.

Kampen fortset i det same lave tempoet. 10 minuttar før slutt fastset Øyvind Øvsthus sluttresultatet til 6-1 med sitt føste mål på 12 kampar.

Trenar Frode Vevle er nøgd med poenga, men ser at laget har ein del å gå på. Noko som dei blir nødt til å henta ut i kampane som kjem. -Me må vera såpass ærlege å seie at målet er opprykk, så me må stå på framover, seier Vevle.

– Til helga ventar Trane heime på Hatland. Dei sleit me med i vårkampen, og me vart der påført vårt første tap. Revansjelysten er til stades. Med tre poeng mot Trane og siger igjen heime mot Nordheimsund om to veker sannsynlegvis vil ha nok med 1 poeng på dei tre siste kampane. Dette sporar til innsats, sluttar han.

Kim Solberg fekk forøøvrig bestemannsprisen i sin jubileumskamp.



Harding – Osterøy 1-6. 

Laget: Mathias Riple, Anders Hatland, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Joachim B. Solberg, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Øyvind Øvsthus, Bjarte Vik Larsen (Sander M. Solberg i 44. min), Robert Dyvik (Frode Stokke i 20. min), Thomas Strøm Langeland (Stian Svaasand i 45. min)
 
0-1: Bjarte Vik Larsen  32.min
0-2: Bjarte Vik Larsen   37.min
0-3: Bjarte Vik Larsen   39.min
0-4: Kim Solberg  43.min
1-4: 55.min
1-5: Stian Svaasand 56.min
1-6: Øyvind Øvsthus  80.min

 

Aktivitetar

Hopp utan tilløp
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt