Uavgjort og siger for Jenter 11.

Torsdag 6. september var det klart for nabooppgjer i Fugledalen då Hausvik kom på besøk.

Osterøy kom best i gong, men spelet svinga fram og tilbake og til pause stod det 0-0. Etter kvilen var det våre jenter som først fekk "hol på byllen"og laga 2 kjappe mål.

Når det var gjort, trudde nok jentene at sigeren var i havn, så då var det slutt på bevegelse og innsats, dermed kunne Hausvik overta, og sluttresultatet vart fortent 2-2.

Andrea.

Frida prøver å "heada" inn eit mål.

Agate.

Torsdag 13. september var det klart for ny kamp, denne gongen mot Fri på Espeland.

I 8 grader og stiv kuling vart dette ein heller kald og våt fornøyelse! Då var det kjekt å sjå at jentene varta opp med fint spel.

Etter sterkt press av Osterøy, krangla Nora ballen i mål, dette skjedde midt i 1. omgong. Jentene var då inne i ein god periode og Victoria fann nok ein gong ut at ho "berre måtte gjera da" og sendte ein susar rett i mål!

Dermed stod det 2-0 i vår favør til pause.

I pausen var det surt og kaldt og heldigvis var den kort slik at me kom igong igjen. Jentene var kjempefriske frå start og etter nokre minutt rulla dei opp eit mønsterangrep frå venstre kant inn mot spiss og vidare mot Margarita som plasserte ballen rett i mål.

Resten av kampen hadde jentene god kontroll på, mange sjanser og fine skot, men dessverre ikkje fleire mål, istaden var det Fri som fekk eit trøstemål heilt på tampen.

Trenaren og supportarane var kjempefornøgde med dagens innsats!

Desse jentene var med og laga ei flott forestilling; Andrea, Victoria, Sofie, Frida, Nora, Julie, Martine, Agate og Margarita.

Julie

Frida hadde eit ekstra gir i dag!