Siger i toppoppgjeret

Gårsdagens toppoppgjer mot Fana 2 vart eit nervepirrande oppgjer. Etter ein forrykande første omgong, vart andre omgong ein forsvarskamp der Osterøyspelarane henta fram uante krefter og halte seieren i land.

Osterøy fekk ein pangstart på kanpen. Først sette Bjarte Vik Larsen eit frispar rett imål frå ca. 20 meter. Ikkje lenge etter var same mann frampå og heada inn 2-0. Dette målet kom etter fantastisk angrepsfotball av Osterøy. Thomas Strøm Langeland vart spelt igjennom på høgrekante og la perfekt inn på hovudet til Bjarte.

Etter dette tok Fana over initiativet i kampen, og dei får til slutt reduseringa. Målet var ei frisparkperle av den gamle Brannspelaren Mathias Møvik. Fana pressa på for utlikning, men det var Osterøy som scora neste mål. Stian Aasheim vert spelt fri på venstekanten og slår inn til Thomas Strøm Langeland som breisidar ballen imål.

Berre minuttet etterpå snappar Bjarte Vik Larsen opp ein pasning frå Fana forsvaret, kom åleina med keeper og "chippa" ballen arrogant over keeper. Dermed såg det ut til å bli 1- 4 til pause. Men på overtid får Fana straffespark etter litt avventande forsvarsspel, men det må og seiast at straffesparket var av den billege sorten. Mathias Møvik utliknar til 2- 4, og laga går til pause med det.

I andre omgong er det ikkje så mykje å skriva om. Fana styrte kampen og pressa på for å ta igjen Osterøy si leiing, men Osterøy sto imot. Dei kjempa som løver og gav alt i kvar einaste duell, samtidig som dei var farleg frampå på eit par kontringar. Fana hadde 3- 4 store sjansar i denne perioden, men Mathias redda det som traff mål. Etter 50 minutt lange minutt blåste dommaren endeleg i fløyta og spelarar og publikum kunne jubla over tre poeng.

Eirik Øvsthus får publikumsprisen som dagens ostring.
 

Kampfakta:

Fana 2 – Osterøy  2-4 (2-4)
Nestun kunstgress

0-1: Bjarte Vik Larsen, 7.min
0-2: Vik Larsen, 12.min
1-2: 25.min
1-3: Thomas Strøm Langeland 33.min
1-4: Vik Larsen 34.min
2-4: 45.min
 
Laget:
Mathias Riple, Anders Hatland, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Joachim Borge Solberg, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Øyvind Øvsthus( Rober Dyvik i 20.min), Bjarte Vik Larsen, Stian Aasheim( Stian Svaasand i 45.min) Thomas Strøm Langeland( Ørjan Bysheim i 15.min)