Jenter 11 opna haustsesongen med storsiger!

Torsdag 23. august tok Osterøy imot jentene frå Hovding i Fugledalen.

Etter ein lang sommarferie som starta med braksuksess i Eidfjord Cup, møtte nokon ivrige 11-åringar opp til sin første heimekamp i haustsesongen.

Jentene og trenarane var spente om den gode vårformen hadde holde seg gjennom sommaren. Det viste seg raskt at det hadde den!

Hovding kom til svært få sjansar igjennom heile kampen, medan våre jenter skapte mange, noko som resulterte i 7 mål til Osterøy, medan Hovding fekk 2.

Ein flott start på haustsesongen, jenter!

Aktivitetar

Årsmøte i Osterøy IL 17.mars kl. 18.00
Osterøy IL Stadionbygg / Klubbhus
17 Mar
HTB Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr