VINNARAR AV EIDFJORD SMÅBANECUP 2012

Osterøy/ Fotlandsvåg sine jenter 14 vann årets Eidfjord småbanecup og kunne dermed ta vandrepokalen med seg heim for andre året på rad.

Det var ein forventningsfull gjeng jenter som reiste til Eidfjord cup. Dei var så  mange at det var klart for to lag. Ein del av jentene hadde vore med å vunne i fjor og ville meir enn gjerne gjenta det i år. Dei innleiande kampane gjekk fint Fotlandsvåg blå vann alle sine kampar og Fotlandsvåg kvit vann to og tapte to. Det førte til at begge laga gjekk vidare til sluttspelet. Fotlandsvåg kvit tapte kvartfinalen mot Bulken som seinare skulle visa seg å verta finalemotstandaren til Fotlandsvåg blå. Dei to laga hadde møtt kvarandre i puljespelet og der vann våre jenter 3-1. I finalen verka det som om Bulken var veldig klare for revansj og fekk tidleg eit straffe dei scora på. Dette var ein kald dusj for Fotlandsvåg jentene, men dei tok tak i kampen og det gjekk ikkje så lenge før dei utlikna. Etter det tok dei meir og meir over og når fløyta gjekk for full tid kunne våre jenter fult fortjent jubla etter å ha vunne finalen 4- 1.
No gledar me alle oss til å følgja dei og dei andre jentelaga i Norway cup seinare i sommar.

Bilder frå helga i Eidfjord.