Komfortabel siger for Osterøy

Lørdag tok Osterøy imot Harding til utsatt kamp i 5.divisjon. Sjølv om Osterøy mangla eit par faste mann frå startoppstillinga, hadde dei full kontroll på kampen frå start til slutt

Osterøy spelte ball, og Harding vart springande imellom. Men presisjonen i siste pasningen og i avslutningane var litt varierande denne ettermiddagen. Bjarte Vik Larsen gav likevel Osterøy leiinga før kvarteret var spelt, og om lag 10 minutt etterpå auka same mann til 2-0. Like før pause er Thomas Strøm Langeland frampå og set ein retur i mål. Det står dermed 3-0 til pause.

I andre omgong slår Osterøy av på tempoet. Dette gjev Harding ein liten mulighet til å komma inn i kampen. Og dei reduserer også til 3-1. Målet vekkjer Osterøy litt igjen. To kjappe mål av Ørjan Bysheim og Joachim Borge Solberg punkterer kampen, og det står 5-1 til Osterøy.

Heilt på slutten får Harding ei ny redusering, slim at kampen endar 5-2 til Osterøy. Ein kompetent publikumsjury kåra Bjarte Vik Larsen til dagens ostring. Vik Larsen har no scora 14 mål denne sesongen.

Me minner om at det allereie på onsdag er klart for ny heimekamp. Då er det Fana 2 som står for tur. Det er med andre ord duka for toppkamp på Hatlandsgraset. Fana 2 tapte sin kamp denne runden, så Osterøy har mulighet til å skaffa seg ei god luka med siger på onsdag. Mør opp og støtt laget i kampen for opprykk!!

 
KAMPFAKTA

Osterøy – Harding 5-2 (3-0)
Osterøy Stadion


1-0: Bjarte Vik Larsen (12. min)
2-0: Bjarte Vik Larsen  (25. min)
3-0: Thomas Strøm Langeland  (44. min)
3-1:  55. min
4-1: Ørjan Bysheim (63. min)
5-1: Joachim Borge Solberg (69. min)
5-2: 88.min
 
Osterøy sitt lag: Morten Vevle, Robert Dyvik, Andreas Kollvangsnes (Glenn Torgersen 8.min), Anders Hatland, Joachim, Borge Solberg, Rikard Mjøs (Aleksander Solberg 25.min), Jørgen Vevle, Bjarte Vik Larsen, Øyvind Øvsthus (Ørjan Bysheim 45.min), Thomas Strøm Langeland (Sander Midtun Solberg 15.min), Stian Aasheim (Stian Svaasand 45.min)