Storsiger mot naboane frå Arna!

Torsdag 14. juni tok 2001-jentene imot Arna Bjørnar i Fugledalen.

Victoria storspelte og laga 2 av Osterøy sine mål.

Dette var siste kamp for vårsesongen og alle jentene hadde bestemt seg for at dette var ein kamp dei skulle vinna.

Vart ein del stang ut i starten, men så løsna det og etter at Margarita hadde laga 4 mål, Victoria 2 og Martine 1, kunne våre jenter gå jublande på tribuna og motta kvar sin is etter 7-0 siger!
Mykje fint spel og kjekt å sjå utviklinga på jentene.

Lovar godt for Eidfjord Cup til helga! Lukka til jenter!

Andrea forbi ein Arna-Bjørnar spelar.



Agate sender avgårde ein pasning
.