Knepent tap for 2001 jentene

Torsdag 31. møtte 11-åringane til Osterøy jentene frå Strand-Ulv til dyst i Fugledalen.

Agate i farta.

Halvparten av laget hadde ein skuletur til Brøknipå i beina, men det såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på innsatsen.
Agate Birkeland spelte sin første kamp for Jenter 11 denne sesongen og var eit positivt tilskot til troppen.
Tiril Rongved Søgnesand kom og hjelpte til som keeper, håpar å få låna ho i mange kampar.

Jentene frå Ølve var dei første som fann nettmaskene og kunne gå til pause med ei 1-0 leiing.

Utover i andre omgong bølgja spelet fram og tilbake, me hadde mange gode sjansar, både stolpeskot og like utafor og endeleg lukkast Victoria og jentene kunne jubla for 1-1!

Strand-Ulv slo tilbake og gjekk opp til 1-2 og dette resultatet heldt til slutt.

Mykje flott spel å sjå og kjekt å sjå Agate og Tiril tilbake på laget!

Victoria i duell.

Kjekt å ha Tiril tilbake mellom stengene.

Martine sender avgårde ein pasning.

Margarita vinn ballen.