Ubeseira så langt i sesongen
Det eine av Osterøy/ Fotlandsvåg sine jenter 14 er ubeseira så langt i sesongen.
Ein kan vel allerede no sei at det har vore ein veldig god vår sesong for Osterøy/ Fotlandsvåg sine jenter 14. Me har to 11-ar lag med i serien og det eine laget er ubeseira så langt medan det andre laget står med 4 seirar og 3 tap. Dette er to lag der spelarane rulerer og så langt har alle vore på lag med alle.
1.laget spelte i dag mot Varegg/Sandviken på ei kjempefin grasbane på Hatland.
1. omgangen viste jentene i periodar flott spel og gode kombinasjonar og dei kunne gå tilpause med ein 2-1 ledelse. I 2.omgongen dalte både konsentrasjon og innsatsen fleire hakk, men jentene kunne til slutt gå av bana med ein 3-1 seier.
Dei treng nok meir trening på den flotte grasbana før sommarens store høgdepunkt Norway cup.