G16 sikra opprykket!


3-3 heime på Hatland mot Nest Sotra i går kveld sikra Osterøy G16 opprykk til 1. divisjon frå hausten av.  Seks sigrar,  ein uavgjort og 6,7 mål i snitt pr. kamp er fasit før siste serierunde denne våren.

 

-Eg er kjempefornøgd med gutane, seier Jo Solberg til osteroyil.no. –Klarar me å unngå tap i siste seireirunde går me ubesigra gjennom første del av sesongen. Eg trur ikkje det er vore gjort før på dette nivået. Osterøy G16 består av 15 spelarar, som i følgje trenaren, alle har vore med og bidrege positivt til resultata som er oppnådd.

Når det gjeld hausten, og 1. divisjonsspel, er trenaren optimistisk på vegne av laget. – Nivået kjem no til å bli merkbart høgare, men eg trur gutane er klare for oppgåva. I vår har me i periodar vore veldig gode, spesielt mot sterk motstand. Det lovar jo godt når me no skal ta steget opp eit hakk. Gutane hevar seg når det dreg seg til.

– Det vil nok bli ei utfordring, smiler Solberg. – Me overtek sannsynlegvis plassen til Brann, Åsane 1 eller Fyllingsdalen 1. Klubbar som har adskillig fleire enn 15 spelarar å ta av for å komponera slagkraftige mannskap.  Men det er ei utfording me helsar velkommen, sluttar han.

Me ynskjer Jo’en, Terje Lone og gutane lukka til med 1. divisjonsspel.

Aktivitetar

Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt