Juniorane mot opprykk

Etter gårsdagens siger mot Nore Neset har junirolaget ein god for i 2. divisjon frå høsten av

Dei leiar no gruppa med full pott etter fem kampar, og ein målskilnad ingen er i nærleiken av. Det betyr at siger i ein av dei to siste mest sannsynleg vil halda til opprykk.

Gårsdagens kamp vart underhaldande og sjåverdig. Nore Neset tok leiinga 1-0. Men to skåringar av Bjarte Vik Larsen og eit av Richard Mjøs gjorde at det sto 3-1 til Osterøy til pause.

I andre omgong skåra Vik Larsen eit til, før Nore Neset reduserte til 4-2. Håvard Forthun laga 5-2, før Nore Neset reduserte igjen. Men Osterøy ville dra denne sigeren i land, og Christian Stigen sette punktum med sin 6-3 skåring.

Mot slutten av kampen vart det litt småampert og litt temperatur, og motstandarane var sjølvsagt misfornøgd med dommaren. Dette gjorde at sigeren smakte endå betre.
 
Osterøy sitt lag: Morten Vevle, Andre Lunde, Anders Hatland, Aleksander Solberg, Hans Petter Vevletveit, Jørgen Vevle, Richard Mjøs, Jostein Hesjedal, Bjarte Vik Larsen, Kristian Tysse, Christian Stigen

Benytta innbyttarar: Geir Olav Lone, Bjørnar Rødseth Espelid, Håvard Forthun, Sivert Sørås