Siger i lokaloppgjer!

Torsdag 3. mai møtte Osterøy sine Jenter 11 Hausvik i Haus.

Før kampen starta hadde jentene bestemt seg for at denne kampen skulle dei vinna, og den innstillinga hadde samtlige jenter med seg frå første spark på ballen.

Full innsats på alle spelarane, heilt frå keeper til spiss, mykje flott spel og samarbeid. Heidi gjorde ein framifrå innsats i målet, med mange fine redningar!
Mange stolte foreldre som stod på sidelinja og heia.

Victoria opna målshowet som enda med 6-3 siger, ho og Margarita delte scoringane mellom seg, 3 på kvar.

Ein skikkelig jobbekamp som gav full utteljing!