Flinke jenter

Osterøy sine jenter 9 vann 3-1 i den aller første seriekampen sin.

Det var nokre spente jenter som møtte opp i Fugledalen til sin aller første seriekamp.
Tidlegare har dei berre vore med i Osterøy serien. I dag var det sjølvaste Arna Bjørnar blå 2 som stod på motsatt banehalvdel. Når våre jenter i tillegg fekk utdelt heilt nye drakter før kampen var det berre store smil å sjå.
Jentene var konsentrerte og ivrige heilt frå starten av og det gjekk ikkje så lenge før dei tok ledelsen 1-0. Dei gjekk seinare opp til 2-0 før Arna Bjørnar reduserte til 2- 1 og det vart litt spenning i kampen. Jentene viste til tider  fint samspel og dei jobba godt for kvarandre. Då Osterøy gjekk opp til 3-1 etter eit frispark som vart sett rett i mål var jubelen stor. Det var vel fortjent at det var våre jenter som hadde flest mål når dommaren blas av kampen.
Me er allerede begynt å gleda oss til neste torsdag då det er klart for bortekamp mot Åsane.