Jenter 11 i kamp mot Øystese

Tysdag 24. april spelte Jenter 11 sin første heimekamp for sesongen.

Bak f.v.: Margarita Solberg, Victoria Siglevik Stigen, Martine Solberg og Sofie Askeland Nilssen.
Framme f.v. Heidi Balestrand, Julie Skjerping Gjelvik, Nora Borge Solberg, Andrea Grøtte og Frida Sandal.

I strålande solskin i Fugledalen møtte Osterøyjentene laget frå Øystese. Våre jenter opna friskt og Julie Skjerping Gjelvik sette kjapt inn eit leiarmål, verka som Øystese vart tatt litt på senga, medan våre jenter hadde ein god periode med mykje flott spel.

Etter ei lita stund kom det ei utlikning, men då tok Viktoria Siglevik Stigen ansvar og førte laget sitt opp i leiing igjen, fullt fortent!
Øystese vakna litt etter litt og laga 2 mål til før pause, slik at pauseresultatet var 3-2 til gjestane.

Etter kvilen fortsette jentene våre det gode spelet, og laga sjanse på sjanse, men ballen ville berre ikkje inn mellom målstengene, istadenfor var det Øystese som la på til 2-4. Osterøy heldt fram med presset og 2 minutt før slutt lukkast det endelig, denne gongen ein susar av Margarita Solberg.
Øystese svara kjapt og sette sluttresultatet til 3-5.

Alt i alt ein god kamp av Osterøyjentene med mykje fint spel, men denne dagen var berre ikkje marginane på vår sida.

Her sender Julie avgårde ein susar….

….som går rett i mål!!

Heidi gjorde ein god kamp i mål.

Margarita.

Martine.

Sofie.

Nora.

Andrea.