Siger i første seriekamp for Jenter 11!

Torsdag 19. april starta Jenter 11 sesongen med bortekamp mot Hovding på Leikvang Stadion.

Julie og Sofie.

Dette er første sesongen jentene frå Fotlandsvåg og Osterøy spelar i lag, og det samarbeidet ser ut til å fungera veldig godt.

I første omgong opna jentene litt famlande og vart mykje ståande og sjå på at Hovding førte ballen.
Gradvis jobba jentene seg inn i kampen og kom til mange halvsjansar før det endelig lukkast for Nora Borge Solberg som sette ballen perfekt i mål etter ca. 15 minutt.
Dette gav jentene blod på tann og det gjekk ikkje mange minutt før ball nummer 2 låg i nettet, også dette målet av Nora.

Deretter var det Viktoria Siglevik Stigen sin tur med ein susar oppe i venstre hjørnet! Hennar kommentar i pausen var følgjande; "Eg berre måtte gjera da!".

Heidi Balestrand stod supert i mål i første omgong og i andre omgong var Andrea Grøtte sprek og steppa inn der. Ho gjorde også ein flott jobb!
Har diverre ingen fast målvakt, så diskusjonen går alltid høgt i pausen.

Etter kvilen opna jentene også litt forsiktig og det straffa seg med at Hovding scora to kjappe mål og det vart ny spenning i kampen.

Trenar Helge Kollvangsnes tok grep og fekk fart på laget igjen og det gjekk ikkje lenge før Margarita Solberg var frampå og putta sitt første mål for dagen.
Hovding svar kjapt og var no oppe i 3-4, men dette kunne ikkje Margarita godta, så ho scora like godt 2 mål til.

Hovding fekk eit trøstemål og Osterøyjentene kunne gå smilande av bana med 4-6 siger i sin første seriekamp!

Strålande jenter!

Viktoria i duell.

Peptalk av trenar Helge i pausen.

Frida på jakt etter ballen.