Osterøy – Skansen BK i kveld!

Klar til dyst: Joachim Borge Solberg gjorde eit solid inntrykk på venstre back, borte mot Apollo. No gjer han seg klar for nye utfordringar heime mot Skansen

Ikveld er det klart for årets første heimekamp. Skansen BK kjem på vitjing i Fugledalen, og kammpen har avspark er klokka 19.00.

Etter den solide seriestarten på fredag, er det store forventningar til Osterøy- laget. Dagens motstandard vann 3-0 i seriepremieren mot Hetlevik så alt tyder på at dette vert ei adskillig tøffare oppgåve for dei gul/grøne enn det Apollo var førre helg.

 

Uansett; berre siger er godt nok for Frode og Jon Steinar sine disiplar. Tilgjengeleg mannskapet ser, trass enkelte skadar, bra ut. Michael Vikne, Anders Hatland (brot) og Martin Dyvik (korsband) er framleis ute med skadar. Ny på skadelista er Frode Stokke, som ikkje ser ut til å verta klar etter ankelskaden han pådrog seg på fredag. Ørjan Bysheim er også usikker etter ei aldri så lita arbeidsulykka.

 

Trenarane har ikkje tatt ut laget i skrivande stund, men seier at det ikkje vert store endringar i forhold til laget som starta forrige kamp. Her er troppen dei kan velja blant: Morten Vevle, Mathias Riple, Aleksander Solberg, Glenn Torgersen, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Joachim Borge Solberg, Jørgen Vevle, Kim Solberg, Richard Mjøs, Bjarte Vik Larsen, Ørjan Bysheim, Stian Svaasand, Øyvind Øvsthus, Stian Aasheim, Sander Midtun Solberg.


Me oppmodar alle om å komma å støtta laget i kampen for tre nye poeng. Det vil bli plukka ut ein (objektiv)jury som skal kåra dagens ostring, kiosken vil sjølvsagt vera open…. OG me kjem til å presentera ein spelar som me er veldig glade for er klar for Osterøy!

 

Me sjåast på Hatland!

 

 

Aktivitetar

Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt