Buss til seriestart

På fredag er det klart for årets første seriekamp. Motstandar er Apollo, og kampen går på Davanger kunstgras. Kampstart er klokka 19.00. Apollo møtte me også ifjor. Heimekampen endte med 3-1 siger, med bortekampen enda 3- 3.

Til kampen på fredag er Anders Hatland og Martin Dyvik ute med langtidsskadar. Aleksander Solberg er vekke, og i tillegg er Michael Vikne usikker pga sjukdom. På plussida kan me nemna at Eirik Øvsthus er heime og spelar dei tre første seriekampane. Trenar Frode vil venta til torsdagstreninga med laguttaket, men troppen til kampen er som følgjande: Mathias Riple, Morten Vevle, Frode Stokke, Richard Mjøs, Andreas Kollvangsnes, Vidar Fossdal, Eirik Øvsthus, Glenn Torgersen, Joachim Borge Solberg, Stian Aasheim, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Sander Midtun Solberg, Bjarte Vik Larsen, Stian Svaasand, Ørjan Bysheim og Øyvind Øvsthus. Trenar Frode seier at det er viktig med ein god start på sesongen. Han håpar at alle spelarane er topptente og klare til å yta det som må til for å ta tre poeng.
 
Sidan det er første seriekamp har me valt å setja opp buss til Davanger. Det er god plass på bussen, så me oppmodar alle som vil sjå kampen til å henga seg på. Bussen går kl.1620 frå terminalen i Lonevåg, og prisen vert ca.100,-

Har du lyst å vera med kan du senda ein sms eller ringa til Vidar Rosnes på tlf 412 6 2 298. Eller du kan berre møta opp og håpa det er plass!!.

Ta med Osterøyeffektane og bli med på kamp!!

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb