3.plass i Lerøy cup

Jenter 14 gjorde ein flott figur i Lerøy cup.

 Dei hadde to lag med i cupen. Det eine laget vart utslått etter dei innleiande kampane. Men der var det mange som ikkje hadde spelt 11-ar fotball før, så dei fekk nyttig erfaring og viste stor speleglede.
Det andre laget vann si pulje og gjekk vidare til sluttspel. Dei varta opp med med mykje fint spel og mange flotte mål.
Første sluttspelkampen var mot Kvernbit. Det vart ein jamn og spennande kamp som måtte avgjerast på myntkast. Det vart våre jenter om kunne jubla til slutt. I kvartfinaln møtte dei Voss1. Der vart det  2-0 seier. Men i semifinalen vart Hetlevik for sterke. Men me får sei oss fornøgde med å ta nok ein pokal med oss heim.