Braktap mot Ny-Krohnborg

Det vart stygge siffer i Osterøy sin disfavør i treningskampen mot Ny-Krohnborg laurdag. Heile 11-4 vart resultat. -Trasigt. Heldigvis har me mykje å gå på, kommenterer assistent Jon Steinar Hatland.

Tredje spark på ballen i kampen kan i ettertid sjåast som eit varsel på kva som kom til å sje denne ettermiddagen. Eit svakt tilbakespel til keeper vart snappa opp av ein hurtig Ny-Krohnborg angripar, men til alt hell klarte han ikkje omsetja gåva i mål. Det skulle dei klara etterkvart.

I staden var det Osterøy som tok leiinga etter fine kombinasjonar på høgre sida.  Ballen havna til slutt hos Joachim Borge Solberg som lada kanona og fyrte av. Skotet frå omlag 17 meter suste i mål utan at keeper kunne lastast for det. Kjempeskåring av Joachim.

Osterøy prøvd å spela sitt eige spel med mange trekk langs bakken, og stod relativt høgt i bana. Dette utnytta Ny-Krohnborg som kvar gong dei braut spelte i bakrom på hurtige spelarar. Det gikk ikkje så lang tid før dette gav resultat. Eit gjennomspel endte med at Mathias Riple felte ein Ny-Krohnborg angripar innanfor 16-meteren og dermed var det straffe – og utlikning.

Osterøy fortsatte i samme tralten etter utlikninga og spelte eigentlig fin fotball – når dei hadde ballen. Laget svikta imidlertid i det defansive arbeidet, og Ny-Krohnborg utnytta dette og gjekk til pause med 3-1 leiing.

Andre omgang startar etter rapportane ikkje så halvgale for dei gul/grøne, men då Ny-Krohnborg skårar på corner til 4-1 fell laget saman. Det endar med 11 baklengs. Joachim Borge Solberg noterer seg for si andre skåring og Kristian Tysse puttar også to mål før dommaren bles for full tid.

-Dette var ikkje bra, seier assistent trenar Jon Steinar Hatland etter kampen. -Me kan rett og slett ikkje forsvara oss som lag på denne måten når alvoret byrjar. Me slepp dei alt for lett til og slepp inn enkle mål. Heldigvis kan det kun gå oppover etter ein kamp som denne, sluttar han.

Osterøy sitt lag:
Mathias Riple (Morten Vevle), Alexander Solberg (Sander M. Solberg), Glenn Torgersen, Kim Solberg, Stian Aasheim, Joachim Borge Solberg, Jørgen Vevle, Ørjan Bysheim, Richard Mjøs (Frode Stokke), Stian Svaasand (Kristian Tysse) og Øyvind Øvsthus.