Ny-Krohnborg ventar i Vestlandshallen

På lørdag er det klart for ny treningskamp. Denne gongen er det Ny- Krohnborg som står på motsatt banehalvdel.

Førre kamp mot Eidsvåg endte  3-3, etter 2 mål av Stian Aasheim og eitt mål av Øyvind Øvsthus. I den kampen spelte Osterøy ein svak 1.omgang, men heva seg mykje i 2.omgang. Trenar Frode Vevle påpeikar at det blir viktig å klara to gode omgongar denne kampen. Det nærmar seg seriestart, og då må me vera på hugget ifrå første minutt, seier han.

Også i denne kampen er det ein del fråvær. Anders Hatland, Bjarte Vik Larsen og Martin Dyvik er skada. I tillegg er Michael Vikne og Andreas Kollvangsnes uaktuelle denne kampen. Forhåpentligvis er Martin Dyvik og Bjarte Vik Larsen tilbake igjen om kort tid, medan Anders Hatland er ute i 8-9 veker endå.

Trenarduoen har tatt ut følgjande lag: Mathias Riple i mål. Forsvarsrekka består av Aleksander Solberg, Glenn Torgersen, Kim Solberg og Stian Aasheim. Dei to sentrale på midtbane vert Jørgen Vevle og Joachim Borge Solberg. Ørjan Bysheim blir høgrekant og Stian Svaasand venstrekant. Richard Mjøs får den offansive midtbanerolla, og Øyvind Øvsthus får nok ein gong spissplassen.

På benken sit Morten Vevle, Frode Stokke, Sander Midtun Solberg og Kristian Tysse.
Kampstart på lørdag er kl.1700 i Vestlandshallen. Møt opp og støtt det lovande Osterøylaget.

Me kjem tilbake med referat frå kampen på mandag.