Dei gode hjelparane
Evelynn Lone
Evelynn Lone og Cathrine Tømt Reigstad har den viktige jobben med å aktivisere dei yngste ungane på turn. Dette turnpartiet er det første høvet ungar på Osterøy har for å verte kjent med idrettslaget gjennom organisert leik og aktivitet. Derfor er dette turnpartiet svært viktig både for turngruppa og idrettslaget. Ungjentene Evelynn og Cathrine elskar ungar og synest det er ei kjekk oppgåve å ha denne turngrupa sjølv om det ikkje alltid er like lett å halde kustus på ca 40 ungar. Betre inngongsport til idrettslaget kan vel ikkje ungane få?
Cathrine Tømt Reigstad
Tekst og foto: Ragnhild Balsvik