Eidsvåg kjem på vitjing

Søndag er klart for årets tredje treningskamp. Denne gongen treng ein ikkje reisa lengre enn i Fugledalen for å sjå det spennande Osterøy-laget i aksjon. Motstandar denne gongen er Eidsvåg og Kampstart er kl.18.30

Det er nesten blitt ein tradisjon å møta dette laget i oppkjøringa. Det er fjerde året på rad me møter dei til treningskamp. I serien har me derimot ikkje møtt dei. Kampane mot dei har som oftast vore jevne, noko det sikkert vert på søndag også.

Hos Osterøy er det ein del fravær til denne kampen. Spesielt i forsvar vert det ein del forandringar frå førre kamp. Kim Solberg, Eirik Øvsthus og Aleksander Solberg er alle vekke ifrå det forsvaret som starta mot Kvernbit. I tillegg er Anders Hatland framleis skada. Det same gjeld Morten Vevle.  Andreas Kollvangsnes er tilbake i troppen, men kjem ikkje til å spela noko nevneverdig.

Trenarduoen har dermed tatt ut følgjande startellevar: Mathias Riple startar imål. Ungguten Sander Midtun Solberg startar på høgreback. I midtforsvaret spelar Michael Vikne og Frode Stokke, medan Stian Aasheim spelar venstre back. Midtbana vert den same som førre kamp; Jørgen Vevle og Joachim Borge Solberg sentralt, med Bjarte Vik Larsen i den offensive rolla. Ørjan "Stjerno" Bysheim og Stian Svåsand vert å finna på kvar sin kant og Øyvind Øvsthus får fornye tillit som spydspiss denne gongen òg.


På benken finn me Glenn Torgersen, Rikard Mjøs, Andreas Kollvangsnes og Martin Dyvik (dersom han vert kvitt influensaen)


Trenarduoen håpar at motstanden er betre enn førre kamp, slik at ein får ein litt betre peikepinn på kor laget står i år.

Me håpar at mange tar turen i Fugledalen for å sjå årets første heimekamp.
Kampstart er altså 18.30!!