Dei gode hjelparane


Evig ung trenar med lang fartstid

Ein fin kveld i lysløypa finn eg som venta dei yngste i skigruppa på trening under Øyvind Litland sin kommando. Øyvind er ikkje berre trenar for dagens unge skiløparar i Osterøy IL, han har også vore trenar for fleire av foreldra til ungane, og han konkurrerte i si tid med nokre av besteforeldra deira, så her snakkar me om verkeleg lang fartstid som ressursperson i Osterøy IL!

Eg spør ungane om dei likar å gå på ski eller om den einaste grunnen til at dei går langrenn er at det er Øyvind som er trenar. «Begge delar!», ropar fleire i kor.

I dag står skøytetrening på programmet, og Øyvind skryt av korleis ein kan sjå framgongen frå gong til gong på ungane, som er i det han kallar den «motoriske gullalder». Sprek held han seg jo sjølv også, med all aktiviteten med ungane, «og ikkje minst heldt eg meg jo sprek i toppen av å vera i lag med desse unge galningane» smilar Øyvind medan han peikar mot topplua si.

Tekst og foto: Ragnhild Balsvik