Klasseforskjell i Vestlandshallen


Ein spelesugen Bjarte Vik Larsen briljerte mot eit svakt Kvernbit-lag i Vestlandshallen, sundag.

I årets andre treningskamp vann Osterøy heilen 12 – 0 mot eit heller svakt Kvernbitlag. Osterøy førte kampen frå start til slutt, og det var eigentleg berre eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli. Her er eit fyldig referar frå kampen.a

Osterøy stilte med med følgjande lag frå start: Morten Vevle, Michael Vikne, Eirik Øvsthus, Kim Solberg, Aleksander Solberg, Jørgen Vevle, Joachim Solberg, Stian Svaasand, Bjarte Vik Larsen, Stian Aasheim, Øyvind Øvsthus.


2 min. 1-0: Stian Aasheim

Stian får ein ball inne i feltet, dempar den på brystet og dunkar ballen imål med høgrefoten. (ja, du las riktig)

10 min 2-0: Øyvind Øvsthus

Nydeleg angrep på venstresida. Stian vert spelt igjennom og legg ballen rett på foten til Øyvind. Han har ein enkel jobb med å dytta ballen over streken.

13 min 3-0: Øyvind Øvsthus

Denne gongen mottar han ballen inne i 16 meteren, vender rundt og dunkar ballen imål på volley, med venstrefoten.

19 min 4-0: Øyvind Øvsthus

Fantastisk stikkpasning frå Bjarte. Øyvind rundar elegant keeper og trillar ballen imål. Vakkert!! Hattrick på 9 minutt av Øyvind.

23 min 5-0: Stian Aasheim

Fint angrep igjen. Michael vert med i angrep og får ballen på høgresida. Han slår eit perfekt innlegg og Stian stupheadar ballen imål.

32 min 6-0: Stian Aasheim

Joachim slår ein presis gjennombrotspasning, og Stian set ballen knallhardt i lengste hjørne for keeper.

33 min 7-0: Bjarte Vik Larsen

Bjarte gjer alt sjøl. Han driblar dei han må og set ballen elegant i lengste hjørne.

35 min 8 -0 Stian Svaasand

Eit fantastisk innlegg frå Joachim og Stian har ein enkel jobb med å breisida ballen imål.
 
PAUSE: 8-0 til pause. Det er ikkje så mykje anna å sei enn at det er klasseforskjell på laga. Det er difor vanskeleg å seia kor god prestasjon dette er av Osterøy. Men me har vore vitne til ein omgang med mange flotte angrep og mange fine mål.

I pausen gjer Osterøy fire bytter. Mathias Riple kjem inn for Morten imål. Richard Mjøs kjem inn for Jørgen, Ørjan "stjerno" Bysheim kjem inn for Stian Svaasand og Frode Stokke kjem inn for Øyvind øvsthus. Frode går inn som midtstoppar og Eirik går fram som spiss.
 
60 min: Det har no gått 15 minutt utan fleire mål. Fossdal’n begynnar å okka seg, og synes dette er noko av det verste han har sett. Skrekkeleg dårleg meinar han.

64 min: Osterøy gjer to nye bytter. Sander Midtun Solberg kjem inn for Michael og Glenn Torgersen kjem inn for kaptein Kim. Eirik tar over som kaptein.

67 min 9-0: Bjarte Vik Larsen

Aleksander Solberg slår eit kreminnlegg frå venstresida. Bjarte dempar ballen og set han kontrollert imål.

79 min 10-0: Bjarte Vik Larsen

Bjarte skøyar litt med eit par motstandarar før han set ballen flott imål.

81 min 11-0: Eirik Øvsthus

Ørjan kjem seg fri på venstresida. Han slår ballen hardt inn framfør mål, ballen treff Eirik og sprett imål. Visekaptein og stopparkjempa får målet sitt.

85 min 12-0: Sander Midtun Solberg

Ungguten scorar igjen. Han mottar ballen på 20 meter, set fart framover og set ballen knallhardt mellom beina på keeper frå ca 16 meter.

90 min Kampen endar 12-0 til Osterøy
 
Trenarane Frode Vevle og Jon Steinar Hatland seier dei er nøgde med kampen, sjølv om dei er skuffa over den svake motstanden. i første omgang har me godt balltempo seier Frode’n. I 2 omgang dett me litt nedpå og presisjonen vert dårlegare.

Nettredaksjonen set idag pluss med innsatsen til unge Aleksander Solberg på venstreback. Han var med offansivt heile kampen og skapte mykje frå sin backplass. Ein unggut i fin framgong. Michael viser at han også er god på backen, ein fin forsterkning for oss.

Bestemannsprisen idag står mellom Joachim og Bjarte. Med tre mål og detaljar ein sjeldan ser på dette nivået kårar me Bjarte til dagens ostring denne gongen.
 
Neste treningskamp for Osterøy er søndag 26 februar mot Eidsvåg i Fugledalen. Me kjem tilbake med meir info når det nærmar seg.