Brøyteskjer og traktor i drift i Fugledalen

Fredag 13.januar var det første prøve på det nye brøyteskjeret til bruk på kunstgrasbana i Fugledalen

Osterøy IL har gått til innkjøp av traktor og brøyteskjer som skal brukast på kunstgrasbana i Fugledalen. Det er Arnbjørn Vevle ved Vevle mek verkstad som har laga skjeret etter teikningar frå Tor Mjøen. Mjøen har mange års erfaring frå profesjonell drifting av kunstgrasbaner på vinterstid.

Skjeret er 2,75 meter breitt og u-forma slik at snøen skal rulla framfor. Det er også støttehjul og gummilist som ligg ned mot graset for at bruken skal verta så skånsom som mogeleg. Likevel må ein rekna med å vera forsiktig sidan skjeret lett kan ta takk i graset og ein må heller ikkje svinga traktorhjula inne på kunstgrasdekket.

Dei som såg på prøveturen fredag utbraut berre "kjempeflott" når dei såg korleis snøen raskt forsvann og bana vart grøn.

Det er Eivind Solberg i fotballgruppa som skal vera brøytesjef, men me håpar å få på plass eit par personar til, slik at ein raskt kan vera klar ved snøfall. Dersom det er våt snø må brøytast når det er kome 2-4 cm.

Etter første tur verka skjer og traktor å fungera godt.Som ein ser under tok det ikkje lange tida før dei grøne grasstråa kom fram under det dekkande kvite teppet.