Gruppene er klare!


Då er gruppene for årets Mjelstad og Stokke Ribbecup trekt. Det vert eit noko amputert program grunna litt lak påmelding, men cup skal det verta uansett!

-Me er ikkje heilt nøgd med påmeldinga i år, seier John Erik Jørgensen i arrangementskomiteen. -Veit ikkje kva som gjer det, men det ein nedgong i antall påmeldingar på 6-7 lag frå i fjor til i år. Resultatet av dette er at me får eit par grupper med kun 3 lag, og at me satsar på å gjere oss ferdige i løpet av onsdagen. Det er mange frivillige som brukar romjula si på dette arrangementet, så eg ser ingen grunn til å dra dette ut over tre dagar når interessa synest å vera på hell, sluttar Jørgensen

Innleiande rundar for mosjon blir tysdag, som vanleg, medan aktiv klasse og sluttspel i begge klassar går onsdag.

Kampoppsett vil verta tilgjengeleg snøggast her på osteroyil.no

Gruppene finn du HER