Ribbecup 2011


Tradisjonen tru vert det Ribbecup i år òg. Som ved tidlegare høve er det Mjelstad og Stokke Rørleggarforretning som sponsar det årvisse trivselsarrangementet i Osterøy hallen

-Me kjører i gong tysdag 27. desember og legg opp til 3 ettermiddagar/kveldar med underhaldning av ypperste klasse, seier John Erik Jørgensen.

I fjor var det til saman 24 påmelde lag i mosjons- og aktiv klassen. Ein satsar på at det blir minst like mange i år.

-Me fekk ein par forfall like før turneringsstart i fjor. Det skapar litt krøll og ekstraarbeid for oss som arrangerer, seier Jørgensen. – Det er difor fint om dei som melder seg på innan fristen faktisk stiller.

-Planen er som vanleg to kveldar med innleiande rundar. Finalerundar går av stabelen torsdag 29. desember.

Fristen for påmelding er satt til 15. desember.

-Bruk gjerne påmeldingsskjemaet på heimesidene våre. Det ligg link i venstre marg…. under RibbeCup. Oppsikstvekkande nok. Eventuelle spørsmål om arrangementet kan rettast til meg, så skal eg prøve å villeie så godt eg berre kan, sluttar Jørgensen

For spørsmål:
Mob.: 908 70 659
E-post: ribbecup@ostreoyil.no