Jenter 10/11 i siget!

Jentene har hatt ein formkurve som har gått rett til topps denne hausten.


Fornøgde jenter med is som belønning.

Jenter 2000 med nokre jenter frå 2001 spelte kamp 29. september mot Samnanger. Dette var eit av dei laga me vann mot i vår, og med den formkurven som jentene har vist i det siste hadde me sterk tru på seier.

Men ballen er rund så ein veit aldri. Litt spente var me. Ivar dømte kampen og Helge styrte jentene fra sidelinja.

Allerede frå avspark viste jentene at denne kampen skulle vinnast. Nadja stod solid i mål og i forsvar rydda dei opp alt som kom.
Framover på bana spelte jentene god fotball og skapte mange sjanser, så til pause leda me solide 3-1.
Etter pause fortsette me med godt spel, men klarte ikkje å omsetta alle sjanser i mål, men til slutt vann me 4-1 og det var me veldig godt fornøgde med.
Is til alle jentene for god innsats.
I høst har me delt gruppa med 2000 og 2001 jenter på den måten at 2000 jenter med nokre 2001 jenter i hovudsak har spelt seriekamper og jenter 2001 med litt hjelp fra nokre 2000 jenter har spelt Osterøyserie.
Dette har me gjort for at me skulle vera passelig antall på kvar kamp, ca 10 stk. I vår var me ofte 16-17 spelarar på kvar kamp og me måtte bytta inn og ut spelarar heile tida, det var ikkje ein gunstig situasjon. Det vart for lite speletid på kvar enkelt.
I tillegg fekk 2001 jentene spela mot jenter på samme alder og det slo også positivt ut.