2.plass i Regy cup

Jenter 13 kom heilt til finalen i Regy cup i Haugesund.

Fredag var me ein full buss som satte kursen mot Haugesund for å delta i
Regy cup. Det var 23 jenter som gledd seg til ei helg med fotball og overnatting på skule.


Kampane starta tidleg lørdags morgon. Jenter 14 var først ut og vann sin første kamp lett 5-0. Deretter var det jenter 13 sin tur og dei ville ikkje vere noko dårlegare så også dei vann sin første kamp. Deretter gjekk det slag i slag resten av dagen og når kvelden kom hadde dei til saman vunne 5 kampar og hadde ein målforskjell på 16-0. Dette førte til at begge laga vart vinnarar av si pulje og var klare for semifinale søndag morgon. Også denne dagen var det jenter 14 som var først ute. Jentene hadde overtaket stort sett heile kampen, men ballen ville ikkje i mål. Istaden for var det motstandarane som fekk lurt ballen bak Hanne etter litt tafatt forsvarspel  frå våre jenter. Det var såleis nokre skuffa jenter som måtte innsjå at finaleplassen rauk. Men dei hadde ikkje tid til å deppa lenge for fleire av spelarane måtte berre springe bort og gjere seg klare til jenter 13 sin semifinale.
Her var det også Osterøy /Fotlandsvåg sine jenter som hadde overtaket i kampen, men me kunne sjå at det var nokre tunge bein som var utpå og sprang. Ikkje noko unormalt etter som at ein del av jentene var begynt på sin 7 kamp på to dagar. Men til slutt kunne me jubla for seier og finaleplass.
I finalen måtte dei desverre sjå seg slått 2-1 mot Stord. Då fekk dei lov og deppa ei lita stund, men det gjekk ikkje lenge før smile og latteren var på plass att hjå jentene og det vart ein kjekk tur heimatt også.