OIL Intranett; http://intra.osteroyil.no
Osterøy IL har fått eige intranett for sine medlemmar. Kvart gruppestyre i idrettslaget, inkludert hovudstyret skal nytta intranettet til å arkivere alle dokument som gjeld drifta av gruppene og idrettslaget. Målet er at alt som gjeld intern drift av laget skal arkiverast på intranettet. Kvart gruppestyre vil peike ut nokon som har høve til å leggje ut informasjon på gruppa sitt område på intranettet.
Som medlem av OIL får du tilgong til desse sidene, og kan dermed følgje med i kva som skjer bak kulissene i klubben din. På intranettet finn du og oversikt over kven som er medlem i laget, og du kan sjekke om medlemsinformasjonen om deg er riktig. Vi er svært avhengig av at desse opplysningene er riktige og fullstendige.
NB! Det må vera registrert ei e-postadresse på medlemmet for at innlogging skal vera mogeleg. Manglar ei e-postadresse sender du ein e-post til post@osteroyil.no. Gje opp medlemsnummer som e-postadressa skal vera knytt til.
Saman med intranettet har vi fått ei løysing for medlemskommunikasjon. Trenarar og leiarar vil få høve til å sende e-postar eller SMS’ar til medlemmar/føresette direkte frå intranettsidene. Det er derfor viktig at kontaktinformasjonen for kvart medlem, og deira føresette er riktig. Trenarar og leiarar som treng tilgong til SMS og e-postutsending må ta kontakt via ein e-post til post@osteroyil.no
Her er linkt til intranettet: http://intra.osteroyil.no
HER finn du veiledning som PDF-dokument
HER finn du skjema for utfylling av medlemsinfo.