Cup-suksess i Telemark

OIL/FIL G13 deltok  forrige helg i ei turnering i Porsgrunn. Gutane våre leverte ein kjempeinnsats, og vart belønna med finaleplass.



Bak f.v: Sander Gjøstein, Markus Løtveit, Jonas Lillejord, Mats Einar Hernar, Petter Gjerstad, Marius Stigen, Johannes Hatland, Hjalmar Hauge, Andreas Solberg,Ragnvald Markussen. Framme f.v: Fredrik Evensen, Benjamin Jørgensen, Johannes Helle, Lars Magne Johnsen, Adrian Vevletveit,  Jonas Bernes, Mats Hannisdal.  Liggande: Thomas Lillejord

Forrige torsdag morgon reiste Osterøy og Fotlandsvåg sitt G13-samarbeidslag med buss til Porsgrunn for å laga eit lite cupeventyr.  Reisefølget var på heile  33 personear; 18 spelarar og 15 supportarar/støtteapparat i form av vaksne og yngre søsken. Innkvartering vart gjort på ein campingplass like utanfor sentrum, og med eigen buss gjekk det greit med transport fram og tilbake til cuparenaen.

 

OIL/FIL havna i pulje med Nannestad, Langesund og Rolvsøy. Tre sigrar  resulterte i gruppesiger og a-sluttspel. I kvartfinalen venta Vestfossen. Gutane fortsatte i vinnarspore og innkasserte ein komfortabel 4-1 siger.

 

I semifinalen venta Frigg . Dette er eit lag frå ein klubb med lange tradisjonar, noko som og viste att ute på bana. Frigg var svært gode, og kampen var i overkant spanande. Etter å lagt under  2-0, snudde gutane våre til 2-2 til full tid. Dermed vart det ekstraomgongar. Også desse vart spanande, men ballen trilla OIL/FIL sin veg. Kampen enda 4-2 til våre gutar som dermed var klare for finalen.  Rapportane fortel at dette var ein taktisk god kamp av OIL/FIL-trenar, Jon Steinar Hatland.



Teamtalk: OIL/FIL sin dyktige trenar, Jon Steinar Hatland, fortel kva som skal til for å at dette skal gå vegen. Sigeren mot Frigg var ein taktisk triumf.

 

I finalen var det Spydeberg som stod på motsatt banehalvdel. Tida fram mot kampen gjekk med  til å prøva å restituera gutane. Dessverre møtte me eit friskare lag, og OIL/FIL gjekk tom for krefter.  Laget  tapte 3-0, men vant sølv. Det er noko gutane skal vera stolte av. Det vart ein  lang tur heim og seint i seng, men med mange gode minner etter ein flott cuptur.


Pizzafeiring: Trass finaletap var det lite å seie på gutane sitt humør etter velblåst turnering. Sølvet vart feira med pizza!

GRUPPESPEL

FIL/OIL – Nannestad:  3-0

1-0 Fredrik Evensen

2-0 Johannes Helle

3-0 Fredrik Evensen

 

FIL/OIL – Langesund:  5-1

1-0 Johannes Hatland

2-0 Jonas Lillejord

3-0 Adrian Vevletveit

4-0 Jonas Lillejord

5-0 Johannes Helle.

 

FIL/OIL – Rolvsøy:  2-1

1-1 Johannes Helle

2-1 Jonas Lillejord

 

KVARTFINALE:

FIL/OIL – Vestfossen:  4-1

1-0 Johannes Helle

2-0 Johannes Helle

3-0 Fredrik Evensen(straffe)

4-1 Johannes Helle.

 

SEMIFINALE:

FIL/OIL – Frigg:  4-2 (e.e.o)

1-2 Fredrik Evensen (straffe)

2-2 Jonas Lillejord

3-2 Jonas Lillejord

4-2 Fredrik Evensen (straffe)

 

FINALE:

FIL/OIL –Spydeberg:  0-3