Eidfjord Cup

Jenter 2000/2001 på Eidfjord Cup.

Helga 24.-26. juni 2011 reiste 13 jenter frå 2000/2001 til Eidfjord på cup.

I løpet av helga vart det spelt 4 kampar. I første kampen møtte dei jenter i 5.-6. og 7. klasse frå Vaksdal IL. Osterøy starta bra og gjekk opp i 1-0 leiing, dette heldt nesten heile kampen, men motstandarane kom tilbake og vann 1-2.

I andre kamp møtte me jenter frå Gneist Zebra som var nokon hakk bedre enn oss, så då mista våre jenter motet ganske fort og måtte gå av bana med eit 7-0 tap.

Søndag spelte jentene 2 kampar i strålande sol i Simadalen. Første kampen mot Kringlebotn Hjort enda med uavgjort, her var det berre uflaks at me ikkje stakk av med sigeren, men ballen ville ikkje treffa målet.

I siste kampen mot Bergen Nord/Hovding kjempa Osterøy heile tida, men måtte sjå seg slått med 5-0.

Ei flott helg både sosialt og sportsleg, kjekt å sjå framgongen til jentene etter kvar kamp som vart spela.




Kamprop er viktig!




Medaljar og diplom til både spelarar og trenarar.

Aktivitetar

Hopp utan tilløp
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt