Fin avslutning på vårsesongen.

Med sol og fin ramme rundt kampen avslutta jenter 13  vårsesongen med seie over Tertnes 2.

Før kampstart fekk sponsorane til jentene overrekt lagbilde som takk for nye drakter og overtrekksdrakter.


Når så kampen var i gong gjekk det ikkje lenge før våre jenter gjekk opp i ledelsen. Det var nok ein gong Emma som strarta scoringsballet. Noko ho også  har gjort  mange gonger før. Heile laget jobba godt, og ein kunne ikkje tru at det var den andre eller tredje kampen på rad for nokre av jentene. Tertnes var frampå med nokre angrep, men våre jenter rydda som oftast greit opp. Til tider kunne me sjå fint samspel og jobbing for kvarandre. Kampen enda med 5-2 seier til våre jenter.
No har nok jentene allereie begynt å gleda seg til dei skal på Eidfjord cup.