Spenning til siste sekund på Hatland, guter 11 år 16.juni

Spennande til siste sekund på Hatland då guter 11 år møtte Hovding

Kampen mot Hovding byrja litt dårlig for Osterøy, og til pause låg Osterøy under med fleire mål.Hovding fortsette å scora og stillinga litt ut i andre omgong var 6-2 til Hovding.Osterøy fekk inn eitt mål til, og då kvikna gutane til, og byrja målopphentinga.
Andre omgong vart forrykande spennande då Osterøy berre mangla eitt mål for å utligna, men oddsen gjekk desverre  ikkje Osterøy sin vei i denne kampen.
Gutane kjørte angrep etter angrep og hadde minst "2000"  målsjanser, men ballen vart redda på strek, gjekk rett utanfor, stong ut etc etc.  Ballen virka rett og slett forheksa, og den ville berre slett ikkje over målstreken , så kampen enda 6-5 til Hovding til slutt.Men det var som sagt: spennande til siste sekund, så takk guter for ein underhaldande og spennande kamp.
Og, neste gong lurer de ballen  heilt over målstreken, og tek seieren heim 😉

På laget til Osterøy spelte : Christer, Magnus G., Victor, Mathias, Besnik, Jonas, Simen, og Magnus V