Storseier til guter 11 år
Storseier til guter 11 år mot Arna Bjørnar
På ein sjelden og fin soldag reiste guter 11 år til Garnes for å spela kamp mot Arna Bjørnar. Nokre av spelarane på laget mangla i dag, men heldigvis hadde laget fått lånt to spelarar frå 2001 laget : Andreas og Jonatan. På laget ellers spelte Pavel,Mathias, Victor, Besnik, og Magnus V.
Osterøy tok kjapt ledelsen, og leda snart 3-0.Arna Bjørnar kom tilbake og snart var stillinga 3-3.Til pause var det 6-3 til Osterøy. I andre omgong rann måla inn til Osterøy, og dei vann til slutt 12-3 !
Veldig glade og fornøgde spelarar , trenar, og heiagjeng.Kjempeflott innsats av alle!
Me stoppa på veien heim og kjøpte is, velfortjent !