Nytt tap for jenter 10/11

Det vart eit nytt tap for jentene våre på kunstgraset i Fugledalen.


Kristina på full fart framover.

Som vanlig opna Osterøyjentene med full fart og optimisme. Dette gav resultat og det første målet var i vår favør.

Motstandarane våre, Bergen Nord Netti, svara raskt og dermed var me like langt.

Spelet var jamnt dei første 10 minuttane, men etterkvart dabba det av for våre jenter, som til slutt måtte sjå seg slått med 4-8.

Dette Osterøy-laget er nytt og jentene har ikkje spelt ilag tidligare, i tillegg har me fått mange nye spelarar, så me reknar med at når dei har fått litt meir tid i lag, så vil resultata komma.

Me ser optimistisk på framtida!





Ingen av dei vanlege målvaktane våre kunne ikkje stilla til denne kampen, Nathalie var sporty og tok på seg oppgåva.


Ikkje mange andre lag som stiller med "duskedamer" på kamp!