Dugnad på tribuna i Fugledalen

Ferdigstillinga av det flotte anlegget vårt i Fugledalen er i siste fase, ved at tribunen no er under oppføring. Dekket på tribuna skal leggjast på dugnad, og i samband med dette er Fugledalen-general Ivar Solberg på jakt etter folk som kan halda ein drill.

-No er det berre det minste att for vår del, seier Ivar Solberg. – Tribuna er reist, og det einaste som gjenstår er ei trapp og eit dekke så er me i mål.

-Me legg opp til å gjere oss ferdig med dekket i neste veke og vil ha dugnad mandag, onsdag og torsdag frå kl 1800, fortsett Solberg.

Alle som kan vera med vert difor beden om å ta kontakt med Ivar Solberg på telefon 481 07 277 for å gi beskjed om kva dag dei kan stilla.

-Om nokon kun har mulighet til å stilla alle dagane, så skal dei sjølvsagt få lov til det. Dei treng ikkje føla at dei berre må stilla ein dag, smilar dugnadssjefen.