Stikk innom «nettbutikken» vår!

Fotballgruppa slepp no laus ein nettbutikk der me mellom anna vil prøve å selja profilerte tekstilar. Dei første produkta er allereie lagt ut for sal.

Innleiingsvis er det tre produkt som er tilgjengeleg; buff/multifunksjonshovudplagg, skjerf og huer.

Buff’en er tilgjengeleg allereie no, medan skjerfa og huene ikkje er er på plass før i neste månad. Det går likevel an å bestille produkta på nettbutikken. Gjennom å kjøpe desse produkta hjelper du fotballgruppa med å halde aktivitetsnivået så høgt som mogleg.

Då det nettbutikken ikkje har noko betalingsløysing, må telefonnummer og e-post oppgjevast ved bestilling slik at avtale om levering/betaling kan gjerast i etterkant.

Håpar dette er noko som fenger, og dersom nokon har forslag til andre produkt me kan ha med i butikken vår tek me i mot innspel med takk.

Butikken finn du i menyen ute til venstre.

Aktivitetar

HTB Valestrandsmarka Rundt 1. løp
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr
HTB Valestrandsmarka Rundt 2. løp
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl. 18.45 og 19.00
24 Apr