Knepent tap mot serieleiaren

Robert Dyvik jobba iherdig på topp, men vart for åleine i første omgang mot NHH. Kaptein Kim Solberg, som igjen leia troppane gjennom eige eksempel, følgjer med i bakgrunnen.

Det var ikkje direkte ufortent at NHH stakk av med alle poenga på Åstveit lørdag ettermiddag, men Osterøy kunne raskt fått med seg eit poeng. Kampen enda med 2-1 siger til ”blårussen” frå byd’n.

Osterøy fekk ikkje den beste starten på oppgjeret mot eit av dei antatt sterkaste laga i avdelinga. Allereie under oppvarminga måtte Thomas Strøm Langeland kaste inn handkledet etter ein overtråkk og etter halvtimen måtte og Ørjan Bysheim gje seg. Kristian Daltveit vart sett ut av spel allereie på trening torsdag. Også han etter overtråkk. Robert Dyvik tok Thomas Strøm Langeland sin plass på topp, medan ein smårusten Øyvind Øvsthus  gjekk inn på midten saman med Jørgen Vevle og Kim Solberg. Martin Dyvik erstatta etter kvart Ørjan Bysheim.

 

Kristian Daltveit og Thomas Strøm Langeland gjekk begge glipp av kampen mot NHH pga overtråkk. Thomas røyk ut så seint som under oppvarminga

Første omgang dominerte heimelaget. Dei fekk både tid og rom til å trilla ball og Osterøy vart springande mykje mellom. Trass spelemessig dominans hadde Osterøy brukbar kontroll bakover og slapp ikkje vertane til alt for mange farlege situasjonar. Etter drøye 20 minutt sprakk likevel nullen. Eit Osterøy frispark vart omsett i ein kontring i mot, og ein utrusande Mathias Riple kunne til slutt ikkje hindra skåring. Berre ti minutt seinare auka NHH leiinga etter ein corner.

 

Elles fortsatte uturen for Osterøy sin del; Roger Husebø gjekk ut med skade i pausen. Stian Svåsand gjekk inn på høgre kant og Anders Hatland vart flytta ned på høgreback. Etter 20 minutt måtte Anders gje seg med krampe. Inn kom Frode Stokke i midtforsvaret, medan Andreas Kollvangsnes vart flytta ut som back. Når Andreas litt etter måtte gje tapt med meir eller mindre blokkerte luftvegar, vart Vidar Fossdal kasta inn i midtforsvaret òg. Robert Dyvik vart flytta ned på back, Ole Morten Tysse opp som spiss. Eit sett rokkeringar sjølv Simen Agdestein ville vore stolt over.

 

Når det er sagt, vart kampen etter kvart meir jamnspela. Trenarteamet la om taktikken i pausen, og starta 2. omgang med to spissar og høgare press. Dette gjorde at NHH ikkje i same grad fekk ligga å trilla ball i det bakerste leddet, og Osterøy kom meir med. Jørgen Vevle byrja etter kvart å få dreis på pasningsfoten og kaptein Kim Solberg var eit konstant uromoment for vertane sine midtbanespelarar.

 

I det 85. minutt kom uttellinga. Ole Morten Tysse pirka inn et innlegg frå Stian Aasheim, noko som gjorde at dei siste 8 minuttane vart veldig spennande. Med litt dyktighet og flaks kunne Osterøy i slutt fått med seg eitt poeng.

 

-Eg er nokså nøgd med kampen, men ei utlikning hadde smakt no på slutten, sa Vidar Rosnes etter kampen. -NHH er eit godt lag, og eg trur ikkje det er mange som kjem til å ta poeng frå dei i år. Kampen i dag viser at målsetjinga om å kjempa i toppen er realistisk, sluttar Rosnes

 

Neste kamp for Osterøy er heime mot Apollo førstkomande torsdag kl 1830 på kunstgrasbana.

 

 

Åstveit 1 – 7. mai 2011

5. div. avd. 1

 

NHH – Osterøy 2-1 (2-0)

 

1-0: 23 min

2-0: 35 min

2-1: Ole Morten Tysse, 85 min

 

 

Osterøy: Mathias Riple, Roger Husebø (Stian Svåsand), Ole Morten Tysse, Andreas Kollvangsnes (Vidar Fossdal), Stian Aasheim, Anders Hatland (Frode Stokke), Kim Solberg, Jørgen Vevle, Øyvind Øvsthus, Ørjan Bysheim (Martin Dyvik), Robert Dyvik.