Jenter 10/11 sin første seriekamp

Torsdag 28. april spelte jentene sin første seriekamp på kunstgraset i Fugledalen.


Kristina og Martine K i fullt driv.

Jentene var klare til å gjera ein skikkelig innsats frå første stund mot motstandarane frå Arna Bjørnar.
Til å begynna med hadde me overtaket på jentene frå Arna og det resulterte i ei flott scoring av Mia.

Men Arna Bjørnar svara raskt og dermed var me like langt, 1-1.

Jentene våre hadde meir på lager, så eit stykke ut i omgangen slo Malin til med ei ny scoring til Osterøy og dermed var me i leiinga igjen.

Gjestane frå Arna hadde ikkje tenkt å gje seg på tap, så dei var kjapt oppe og reduserte til 2-2. Dette var også resultatet til pausen.

I 2. omgang datt våre jenter litt "nedpå" og kondisen til Arna-Bjørnar var nok nokon hakk betre, jentene vart ståande og sjå på medan motstandarane sprang, så då rulla måla inn bak keeperen vår.
Resultatet vart til slutt 2-7.

Her er det berre å bretta opp armane og stå på vidare, så kjem nok resultata!


Mia på vei for å laga mååååål!


Ingrid med fokus på ballen.


Malin sender avgårde eit skot.


Den ballen skal eg nå! Dorthea med flott innsats.


Nadja storspelte som keeper i første omgang, kjekt å spela ute også.


Julie på eit løp.