Siger i lokaloppgjør
Osterøy/Fotlandsvåg sine jenter 16 gjekk sigrande ut av lokaloppgjøret mot Valestrand Hjellvik.
Torsdag kveld var det duka for lokaloppgjør på Fotlandsvåg idrettspalss. Kvelden starta med at alle jentene fekk nye drakter og overtrekksdrakter.
Så var det klart for kamp. Dette var ikkje berre ein vanleg seriekamp, for kampen var valgt ut av Hordaland Fotballkrets til å vera ein fair play kamp.Så det var det representantar frå kretsen under heile kampen.
Våre jenter viste allerede under oppvarminga at dei var konsentrert og motiverte for kamp. Det tok dei med seg inn i kampen og gjekk tidleg opp i ei 1-0 leiing. Gjestane utlikna og til pause var stillinga 1-1.
Våre jenter nytta pausen godt. Dei starta 2.omgongen med å vinna dei aller fleste duellane og det resulterte i at dei gjekk opp til 2-1. Gjestane utlikna nok ein gong og det såg ut til at kampen skullle enda uavgjort 2-2. Men rett før slutt fekk Osterøy/Fotlandsvåg lønn for at alle jentene stod på og kjempa gjennom heile kampen. Dei gjekk opp i 3-2 leiing. Det resultatet stod seg kampen ut og våre jenter kunne gå jublande av bana etter ein god og spennande kamp.