Uavgjort i heimepremieren

Då dommaren blåste i fløyta for full tid fredag kveld, sank samtlege Osterøy-spelarar saman på kunstgrasmatta i Fugledalen. Skuffelsen over å berre klara 1-1 i heime-premieren mot Lyngbø 2 var stor.

-Dette vart ein nedtur, seier trenar Vidar Rosnes etter kampen. – Utruleg irriterande at me ikkje klarer å skåre fleire mål innleiingsvis. I begynnelsen av kampen hadde me godt tak på dei og burde avgjort.  Dette er ein kamp me skal vinna, sluttar Rosnes. – Eg kan ikkje komma på ein einaste grunn til at me ikkje skal vinna mot dette laget, kommenterte ein skuffa Andreas Kollvansgnes på veg i garderoben.

 Osterøy begynte kampen på skikkelig vis. Dei pressa Lyngbø høgt på bana, og hadde høgt balltempo. Etter kvarteret kunne Eirik Øvsthus jubla for sin andre skåring på like mange kampar etter å ha kombinert fint med Ole Morten Tysse og Kristian Daltveit. Spørsmålet no var berre kort stor sigeren ville bli. Bakover på bana hadde nemleg kaptein Kim Solberg og stopparkollega Andreas Kollvangsnes god kontroll.

Men det ville seg liksom ikkje for heimelaget.  Som mot Arna-Bjørnar veka i forvegen sleit laget med presisjonen. Spesielt i siste 3. del av bana. Det vart difor mest kriging på midtbana utan at det vart produsert dei heilt store sjangsane. Eitmålsleiinga stod seg til pause.

Andre omgang starta som første omgang slutta med mykje feilpasningar. Lyngbø var ingen match på tempo, men var mykje meir presise i det dei gjorde.  To gonger var dei åleine gjennom mot Mathias Riple i Osterøy-buret, men den unge sisteskansen rydda opp.

Etter ti minuttar må Riple gi tapt. Lyngbø fyller opp med folk rundt heimelaget sin keeper på ein corner.  Ein variant det er tydeleg dei har prøvd før. Ein svært god innsvingande corner går via ein haug med spelarar og i mål til utlikning.

Det siste kvarteret pressar Osterøy på for å få sigersmålet, men det blir litt tannlaust. Ørjan Bysheim, som var ein av dei beste på heimelaget, er nok nærast med nokre skot frå distanse. Den tidlegare toppskåraren klarer imidlertid ikkje å få ballen i mål denne gongen. Kampen endar 1-1.

5. div. avd. 1

Osterøy – Lyngbø 2   1-1 (1-0)
Ostery stadion, kunstgras

1-0: Eirik Øvsthus
1-1:

Osterøy: Mathias Riple, Anders Hatland, Kim Solberg (k), Andreas Kollvangsnes, Stian Aasheim, Jørgen Vevle, Kristian Daltveit (Robert Dyvik 45 min), Eirik Øvsthus, Ole Morten Tysse, Ørjan Bysheim, Thomas Strøm Langeland.

Ubenytta reserve: Kenneth Grimstad, Martin Dyvik, Frode Stokke, Sander M. Solberg, Roger Husebø, Stian Svåsand.